Topp ti mai

Topp ti mai er klar, og kanskje ikkje heilt overraskande er det kakene som dominerar denne kake-månaden!

Håper du let deg friste til å lage noko nytt her:

Bringebærkrem på mandelbotn var den mest besøkte oppskrifta i måneden som gjekk, og den oppskrifta de sende mest bilete av og delte på instagram også. Så mange fine versjonar å sjå, og ei kake som fall i smak hjå mange!

Pavlova i langpanne blei også ein hit, naturleg nok i ein kakemånad som mai er. Denne kaka er jo 17.mai!

Langpannebrød med rug og havre hamna på topplista igjen, og viser seg å vere eit populært matpakkebrød.

Brokkolisalat var ei av dei nye oppskriftene denne månaden, og blei populær med det samme. Enkel og god salat som du raskt blandar saman, og genialt som tilbehør no når grillsesongen er i gong!

Daimiskake med marengsbotn var eit av kakeforslaga som ein kunne lage klar lenge før 17. maifeiringa, og det var fleire som fortalde at dei hadde nytta seg av den og lagt i frysaren med stort hell. Ingenting som er kjekkare å høyre enn at de nyttar oppskriftene:)

Sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse laga eg for Hoff potetmjøl, og dei som følgjer med på snapchat fekk sjå det fatale som skjedde under fotograferinga av denne festkaka… Med «god» hjelp frå minstemann i huset klarte vi å velte fotoplata bak kaka og trykte kaka godt flat! Det var kaotiske tilstandar nokre minutt der, og kakebakaren visste ikkje om ho skulle le eller grine. Det endte heldigvis bra til slutt, og kake blei faktisk finare pynta på andre forsøk!

Kyllingsuppe med nanbrød er framleis ei av dei mest brukte oppskriftene på bloggen, og denne månaden var ikkje noko unntak.

Risnudlar med peanøttsaus er den andre av dei nye oppskriftene denne månaden som klatra til topps og fekk vere med på lista. Deilig, rask og enkel vegetarrett.

Krema kyllingform har også blitt ei populær gryte, og lenkje vidare oppskrifta finn du her:

Proteinrundstykke er den siste som fekk vere med på ti-på-topp-lista, og faktisk den brødoppskrifta som har vore mest i bruk av meg også den siste månaden. Så raskt og enkelt å lage, og perfekt å fryse ned og ha på lur i frysaren.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.