Grilla asparges med sennepsvinaigrette

grilla asparges med sennepsvinaigrette

Grilla asparges med sennepsvinaigrette er ein nydeleg forrett eller liten rett som er fiks ferdig på ti minutt. Du rører saman vinaigretten og grillar aspargesen kjapt før det heile er klart til å nytast.

Asparges skal ikkje grillast for lenge, den skal framleis ha knas i seg -då er den aller best, og det gjer jo at denne retten er ekstra kjapp å lage. Nyt asparges no medan den er i sesong, og lag ein god liten rett til deg og ein til!

grilla asparges pinjekjerner ost

Grilla asparges med sennepsvinaigrette

Forrett til 2

  • 10-12 asparges
  • 2 ss pinjekjerner
  • 2 ss parmesan

Sennepsvinaigrette:

  • 1 ts dijonsennep
  • 3 ts eplecidereddik
  • 1 ts flytande honning
  • 1 klype salt
  • litt nykverna pepper
  • 3-4 ss god olivenolje
asparges pinjekjerner parmesan

Oppskrift:

  1. Rist pinjekjerner i ei tørr steikepanne til dei får litt farge, legg til side.
  2. Rør saman sennep, eddik, honning, salt og peppar. Spe med olivenolje litt etter litt medan du rører, slik at det blir ei litt tjukkare krema olje.
  3. Grill asparges til dei akkurat får litt farge/blir litt lunka -ikkje grill for lenge slik at dei blir slappe, det skal vere god knas i dei. Pensle gjerne med litt olivenolje.
  4. Legg opp asparges, ha over sennepsvinaigrette og strø over pinjekjerner og parmesan i flak.
  5. Velbekomme!
grilla asparges med sennepsvinaigrette

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.