Vekemeny 21

Vekemeny 21 er klar og den er fylt med gode og enkle middagsrettar i ei god blanding av vegetar, kjøt, fugl og fisk. Nokre av rettane har kome på menyen etter inspirasjon frå dykk, og alle fine snappar de sender med bilete av maten de lagar. Det gjer meg så glad å sjå at oppskriftene blir brukte!

Denne veka har eg (sjølvsagt) fått mest bileter av kaker til 17.mai feiringa som var, og spesielt er det Bringebærkrem på mandelbotn som har fylt opp snapfeeden min, pynta i utruleg mange lekre variantar. Men innimellom kakene har det kome fleire bileter med kjekke ord frå de som har testa det som blei mandagens rett: risnudlar med peanøttsaus. Eine dagen blei eg så freista av bileta at den retten blei kveldsmat! Raskt, enkelt og godt.

Garam masala kyllingen som du finn på søndag fekk vi servert heime hjå mi flotte mor no i pinsehelga, og den er super å lage ein dag du skal vere heime og middagen kan få stå å kose seg i omnen og lage seg ferdig sjølv. Pass på at du har nok Garam Masala krydder på -det er nemleg stor skilnad på krydderet du kjøper, nokre er sterke og andre veldig milde. Denne retten skal det vere litt futt i!

Då er det berre for meg å ønskje deg ei fin veke, fylt med god mat!

Følg gjerne på Instragram og Snapchat: kvardagsmat! Ha ei fin veke:)

Vekemeny 21

Mandag:

Ein favoritt allereie, pass på at du bruker nok chilisaus slik at det blir litt futt i denne! Stappa av grønsaker og risnudlar som er ferdige på 3 minutt er dette middag for folk i farta.

Tysdag:

Kylling i krema saus med kremost, spinat og rødløk. Mild og god, og nydeleg middag til heile familien servert saman med kokt ris.

Onsdag:

Soyamarinering av laks er så godt! Og denne retten er ikkje noko unntak. Denne gong servert saman med ein salat full av fargar.

Torsdag:

Digg fiskegrateng med fullkornmakaroni, kvit saus og stivpiska eggekviter. Knuste knekkebrød på toppen gir ekstra krønsj!

Fredag:

Blomkål brukt på ein genial måte! Den er ikkje til å kjenne igjen, og gjestane vil ikkje tippe at det er det pizzabotnen er laga av!

Laurdag:

Ein favoritt for små og store born, og slett ikkje vanskeleg å lage. Kanskje kan du lage eigne versjonar til vaksne med litt meir krydra pølser?

Søndag:

Heilsteikt kylling i nydeleg garam masala krydder. Servert saman med raita og kokt ris blir dette ein eksotisk søndagsmiddag.

Vekas brødmat:

Knasande speltbrød som krev minimalt med arbeidsinnsats. Spelt er mildare for magen enn kveitemjøl og egnar seg ekstra godt til langtidsheving, og så smakar det nydeleg.

Noko godt:

Ein favoritt, laga heilt utan å leite fram iskremmaskina. Den magiske ingrediensa er søt kondensert mjølk som heldigvis er å finne på nesten alle butikkar no.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!