Meny til 17. mai

Meny til 17. mai

Meny til 17. mai er fint å ha på plass no når dagen nærmar seg og det er så mange fridagar og stengde butikkar først. Skal du invitere mange til frukost, lunsj eller middag denne dagen? Eller skal du feire åleine eller vere ute heile dagen? Uansett korleis du skal feire dagen så håpar eg at du finn inspo i dette innlegget til å gjere noko kjekt ut av denne festdagen!

17. mai bord

Nedanfor finn du fleire forslag til frukost, middag, tapas og kaker -både for deg som skal feire heime og for deg som er invitert på besøk og vil ta med ein rett. Kanskje skal du bake til skule, barnehage eller grendafest? Kake som høver til dette finn du også her, saman med fleire ulike typar Pavlova.

17. mai meny

Som du ser er 17. mai-bordet vårt pynta enkelt i kvitt, raudt og blått, med god plass til mat og drikke. Kvite lys, kvite serviettar og kvite tallerkenar i samspel med sløyfer, flagg og blomar i norske fargar. Alle gjestane får kvar si 17. mai-sløyfe til å feste på finstasen, og dermed er festen i gong!

17. mai pynt

Frukost

Skal du dekke fint 17. mai bord er eltefrie rundstykker nesten like enkelt å lage som å varme ferdigkjøpte rundstykker. Rør saman deigen dagen før og bruk ein slikkepott til å fordele deigen på eit bakepapir dagen etter. Ingen deig på verken henda eller benken, og rundstykka treng berre 15-20 min i omnen før det luktar deilig i huset og frukosten er klar til servering.

Kanskje vil du gjere litt ekstra stas på ein slik dag og servere den nye trendfrukosten Shakshuka? Mat som mettar og som passar like bra til lunsj som til frukost.

Vil du ete rask frukost denne dagen og komme deg ut for å gå i tog fortast råd så er Smoothie-bowl perfekt. Raskt, sunt og godt! Denne har i tillegg rette fargane for dagen:

Middag

Ei stor panne med brennsnut er godt å servere på ein slik dag, og førebur du det meste dagen før er det ingen grunn til å bruke tid på kjøkkenet på sjølve dagen.

17. mai er ofte startskot for grillsesongen, og vi grillar uansett vêr! Legg du kylling til marinering kvelden før og rører saman peanøttsausen samstundes har du enkel middag klar når du kjem heim frå tog, pølser og is.

Sidan 17. mai er borna sin festdag kan ein gjerne lage barnevenleg mat på ein slik dag, og då er hamburger eit fint alternativ til alle pølsene. Med heimelaga BBQ-saus (som du sjølvsagt lagar dagen før) blir dette ein festburger!

Tapas

Når alle tek med ein liten rett kvar er det plutseleg dekka eit festbord utan at nokon har slitt seg heilt ut. Det er jo ein genial plan på ein slik dag! Skal du ta med noko så kanskje ein av desse rettane passar:

Kaker

Skal du levere kake til kakesal på skule/barnehage/grendahus er desse langpannene fine å ta med:

Bringebærkrem, flust av bær og søt mandelbotn smakar veldig godt og passar fint på eit kakebord på ein slik dag! Denne blei også godkjent av dei to små i familien -sjølv om den var rosa!

Er det fest så er det på sin plass med festkake også! Denne pinata kaka har eit indre full av bringebær som renn ut i det du skjærer eit stykke. Og så smakar den kjempegodt med mascarponekrem!

Og sjølvsagt ingen 17. mai utan Pavlova! Her får du tre ulike variantar:

Eg håper du fann inspo til å lage noko godt, og om du finn noko du likar vil eg gjerne sjå på snapchat, instagram eller facebook: @kvardagsmat 🙂

Meny til 17. mai

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.