Vekemeny 17

Vekemeny 17 er klar og vi går inn i den siste veka i april, sjølv om véret her minner meir om tidleg mars.. Snøfall rett før første mai er ikkje særleg populært!

Men slutten på april betyr at kake-månaden over alle straks er her, og vi kan gle oss til feiring, ekstra fridagar og testing av nye kakeoppskrifter. Eg har faktisk ei heil liste liggande på nye kaker som skal bakast og smakast, men er alltid på utkik etter ny inspirasjon og nye idear -så det er berre å dele dine favorittar!

Vekemenyen for neste veke har som alltid både vegetar-, kjøt- og fiskemiddagar som er enkle nok til å lage ein heilt vanleg kvardag. Søndag finn du ei klassisk fransk gryte som treng god tid, men som er heilt genial å varme opp som restemat ein dag seinare. Då har du middag på under eit kvarter, og slepp unna det meste av oppvasken!

Ha ei fin veke -og lag noko godt på kjøkkenet!

Følg gjerne på Instagram og Snapchat for meir matglede: kvardagsmat.


Vekemeny 17

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Vekas brødmat:

Noko godt:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!