Vekemeny 16

Vekemeny 16 er på plass og eg er vel heime etter ein kjekk tur til Bergen, og er ein smule overvelda over alle fine helsingar og ord! Så kjekt at de set pris på arbeidet som blir lagt ned, og så kjekt at du som ikkje er over gjennomsnittet glad i nynorsk vel å bruke bloggen likevel. Det gjer meg glad!

Det er tid for å rett blikket fram mot den komande veka og tenkje på kva som skal stå på middagsbordet! Vekemenyen er full av raske, enkle og smakfulle middagar for kvardagane, og litt meir tidkrevjande (men ikkje vanskelege) middagar for helga.

I løpet av dei siste månedane er det fleire som har sendt meg spørsmål om eg kan leggje ved nærings- og kaloriinnhald på oppskriftene, men av fleire grunnar er dette noko eg ikkje kjem til å gjere. Fokuset her på bloggen vil vere ekte mat med friske råvarer og målet er å halde på matgleda utan ein peikefinger på kva som er godkjent og ikkje. Eg har veldig sansen for Michael Pollan sitt sitat og råd:

“Et mat. Ikkje for mykje. Mest planter.”

Og prøver sjølv å leve etter dette. Har du allergiar eller må unngå spesielle matvarer på grunn av sjukdom er det sjølvsagt at du må følgje strikte liner, men då er mi erfaring at ein etterkvart blir ganske drilla på å finne ut kva ein kan og ikkje kan ete. Men ikkje lag fleire reglar for deg sjølv enn kva som allereie finnast!

Lag god mat, prøv noko nytt, varier ofte, prøv og feil og lær! Det er då det blir kjekt å lage mat!

Start med å tenkje ut middagar for dei tre neste dagane. Anten i hovudet eller på eit ark eller ei tavle. Då blir middagslaginga så mykje enklare å gjennomføre -med ekte mat.

Då gjennstår det berre for meg å ønskje deg ei fin vår-veke!

Følg meg gjerne på snapchat og instagram for meir matglede: kvardagsmat.

Anita


Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Noko godt:

Vekas brødmat:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!