Vekemeny 15

Det er søndag og påtide å tenkje på den komande veka og kva som skal serverast til middag. Med ein plan er det så mykje kjekkare å kome heim etter jobb, skule og barnehage og lettare å unngå å måtte handle kvar einaste dag.

Her i heimen prøver vi alltid å ha restar frå søndagens middag klare til mandag, så kan det stå middag på bordet på få minutt og utan særleg mykje oppvask. Er det for lite restar kokar vi ris, pasta, quinoa eller potetstappe til og prøver å ete tomt kjøleskapet før vekas storhandling.

Vi handlar som regel to større innkjøp i løpet av veka, ein mandag eller tysdag som varer til helga og så ein gong torsdag eller fredag som varer over helga. Sjølvsagt må vi supplere og stikke innom i blant fordi vi har gløymt noko, men i det store og det heile fungerer det fint!

Korleis gjer du det?:)

Med denne menyen håper eg du får inspirasjon til å planleggje neste vekes middagsmeny og til å lage noko heimelaga og godt å setje på bordet:

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Noko godt:

Vekas brødmat:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!