Mars-favorittar

Bloggen sine mars-favorittar er klare, og eg gir dykk først dei mest poulære oppskriftene i månaden som gjekk og så mine favorittar av nykomarane denne månaden!

Lesarfavorittar

Den som tronar på topp er deilig gjærbakst med sukker og kanel:

Dette brødet blei bakt mange gongar, og de sende fine tilbakemeldingar både på facebook, instagram og snapchat!

Hjortegryta var den mest populære gryta denne månaden, og kan varmt anbefalast om du har lyst på ei klassisk viltgryte.

Med påska inne i denne månaden og Kvikk Lunsj til gi-bort-pris på butikkane var det mange som leita opp denne mektige sjokoladekaka her:

Årets påskedessert blei også ei godt besøkt oppskrift, med knasande Daim og søt appelsin:

Grove og fine vafler i samarbeid med Hoff potetmjøl blei også populære:

Mine mars-favorittar:

Av nykomarande denne månaden likte eg særskilt godt desse oppskriftene:

Vegetarpita med Halloumiost!

Valnøttroser (med bileter av fletteprosessen):

Enchiladas med bønner for Helios:

Kokosgranola (som eg har laga opp igjen 3 gongar allereie….Mmmm!):

Ein ny versjon av dei populære proteinrundstykka -med frø, nøtter og kjerner:

Lakriskuler utan sukker (som også har blitt laga fleire gongar…!):

lakridskuler uten sukker

Lakriskuler utan sukker

 

Håper du fann noko godt å lage i månaden som gjekk! Og følg meg gjerne på snapchat og instagram: @kvardagsmat 🙂

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.