Vekemeny 13

Vekemeny 13 er klar, og det er ikkje til å kome i frå at påska 2016 går mot slutten. Eg håper du har hatt ei fin påske, anten du har jobba, hatt fri, vore på fjellet eller vore heime -og at du har fått laga eller blitt servert mykje god mat!

Her er vi klare for kvardag igjen, og kjenner etter nokre feriedagar at det skal bli godt med rutiner igjen. Denne veka har eg teke fram nokre av dei eldste oppskriftene frå bloggen, og eg frydar meg over å sjå skilnaden på bileta eg la ut då for tre år sidan.

Bilete av pizzaen på fredag til dømes (som er teke før pizzaen er steikt!) synest eg er herleg sjarmerande -og hadde aldri gått gjennom nålauget for å bli publisert i dag. Det er freistande å oppdatere bileta, men samtidig er det artig å kunne samanlikne frå år til år.

Håper du let deg inspirere til å lage pizzaen likevel -den er knallgod! Og kanskje kan du sende meg ein snap eller dele på instragram om du får til eit betre bilete enn eg har;) –> @kvardagsmat

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Vekas brødmat:

Noko godt:

 

 

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!