Påskegodis samla til inspirasjon om du vil setje noko ekstra godt på bordet i løpet av ferien. Eg har samla både litt sunnare variantar utan tilsett sukker, og sukkerbomber utan sidestykke -litt av alt er jo ofte ei god løysing:)
GOD PÅSKE!
«Bounty» utan sukker er søta med dadlar i staden, men smakar nydeleg godt på trass av det. Litt sunnare, og perfekte å dele med andre!
Rå mandelkonfekt er også laga med dadlar, slik som Bounty, men har i tillegg deilig mandelsmør og hakka mandlar i. Seig, klissete, søt og god!
Kokosbollar er luftige deilige kvite bollar dekka med mørk sjokolade og kokosstrø. Lag dei så små eller store som du sjølv vil, eller lag dei på toppen av ein salt kjeks. Mmm!
Sjokoladefudge med søt kondensert melk blei den store suksessen før jul her på bloggen. Men jula varer jo heilt til påske? Denne konfekten er rask og enkel å lage, men bør absolutt delast med alle rundt deg!
Iskake med nonstop er ein av favorittane i familien her på bloggen. Rask og enkel heimelaga is, utan behov for ismaskin!
Havrekjeks med sjokoladebitar er finfin å ha på lur i frysaren. Lag deiga klar, og legg den i fryseboksen. Så er det berre å skjære av skiver og servere nysteikte cookies når besøket er på plass.
Lyse vafler med potetmjøl er sprø tørre vafler som er fine å ha i kakeboksen. Som eit lite mellommåltid, ein snack eller som ei fin avslutning på påskefrukosten -gjerne servert med ost på.
Rocky Road Brownies med deilig sjokoladesaus er like populær blant små som store, men anbefalast å ete heime og ikkje ute på fjelltur..! Her er det nemleg stor fare for at du treng vatn og såpe når herlegheita er oppeten. Sjokoladesaus all-over-the-place;)
Müslibar som er finfine å ha med på skitur eller gåtur i det fine påskevêret.
Karamellpopcorn – å himmelske karamellpopcorn! Salt og søtt på ein gong. Ein herleg kombo!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.