Påskemeny 2016

Påska er i gong og det høver godt med ein påskemeny. I påska vil vi vere mest mogleg utandørs, men samtidig ete godt. Då trengst det enkle rettar, som anten går raskt å lage eller «lagar seg sjølv»!

Dersom vêrgudane ikkje spelar på lag kan det jo kome dagar der det beste er å halde seg innandørs, utan at det treng å vere dumt. Det gir jo rom for å bake noko godt, eller bruke ekstra tid på å kokkelere ein god middag du har hatt lyst på lenge;)

Denne veka finn du altså ei god blandinga av raske rettar og langtidssteikte rettar som ikkje krev at du er til stades på kjøkkenet undervegs. Då ligg alt til rette for å lage klar middagen tidleg på dag og så ta ein skitur medan retten får gjere seg ferdig i omnen sjølv.

Håper du finn noko du likar og følg med i påska, her kjem det nye oppskrifter og eg har samla «Påskegodis»-favorittar i eit eige innlegg!

GOD PÅSKE!

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

 

Skjærtorsdag:

Langfredag:

Påskeaften:

Påskedag:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.