Vekemeny 11

Vekemeny 11 er klar og det er tid for å planleggje den komande veka. Eg har samla mine forslag i denne vekemenyen og håper at du blir inspirert til å setje noko godt på bordet denne veka også.

Du finn vegetarrett på mandag når det er populært med kjøttfri-mandag, men også onsdagens suppe er vegetar denne veka. Tysdag har ein superrask kvardagspasta, medan du finn ein nydeleg tvist på den tradisjonelle fiskegratengen på torsdag.

Har du ekstra tid onsdag kveld, er det finfint å lage retten ferdig og setje den i kjøleskap. Det kan du gjere anten den er ferdigsteikt eller ikkje, og så berre varme opp eller steike når du kjem heim frå jobb.

Du har kanskje fått med deg at dette er min favorittmetode å nytte når det er hektisk vekedagar med mykje på planen? Gode restemiddagar er undervurdert!

I helga finn du deilig Thai-biff og lammeskankar med gode krydder på seg. Lammekjøtt som berre dett av beinet er himmelsk godt!

Vil du lage noko godt er det deilig Eplekake med kanel som er forslaget og som brødmat er det Bagels som er på menyen.

Lagar du noko godt frå bloggen er det kjempe stas om du deler det på instagram eller snapchat med meg: @kvardagsmat 🙂

Ha ei fin veke!

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Noko godt:

Vekas brødmat:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!