Februarfavorittar

Februarfavorittar er dei oppskriftene som de fine lesarar av kvardagsmat brukte mest i månaden som gjekk. Eg har samla dei i tre ulike kategoriar; brødmat, middag og noko godt.

Hadde du ein annan favoritt i månaden som gjekk må du gjerne leggje igjen ein kommentar under, alltid kjekt å høyre kva som slår an i heimen.

Brødmat

Favorittane i månaden som gjekk var proteinrundstykker og proteinbrød. Det at ein kan røre saman ei deig utan at den treng å heve verkar å vere fleire enn meg som set pris på. Har vi tom brødskuff og cottage cheese i kjøleskapet er løysinga ofte å lage proteinrundstykker som kan setjast på bordet på under ein halvtime.

Proteinbrødet likar eg å ha ferdig oppskjært i fryseboksen, så kan eg ta ut to skiver og stikke i brødristaren. Deilig havregrynsskiver med kremost og syltetøy er ein deilig frukost å starte dagen med.

protein brødProteinbrød

Halvgrovt brød er nydeleg kvardagsbrød, og fine å lage om du har tid og lyst til å steike fleire brød på ein kveld. Set du deiga medan du rører saman middagen kan du servere nysteikt brød til kvelds og i tillegg få fylle opp frysaren med brød til ein annan dag.

Eltefritt linfrøbrød er genialt om du klarer å planleggje omlag eit døgn fram i tid før du vil setje tenna i skiva. Rør saman deiga på to minutt og la deiga få vere i fred i 12-18 t før du brettar det samman, etterhever og steiker det. Lite arbeid, men lang tid er stikkorda.

oppskrift eltefrie brødEltefritt linfrøbrød

Middag

Hjortegryte har vore med blant favorittane lenge no, og det med god grunn. Har du viltkjøt tilgjengeleg anbefalast denne gryta som gjerne kan lagast med din eigen vri.

Skreisesongen er i gong, og det gav moglegheit til å teste ei ny oppskrift med appelsinsaus. Denne funka veldig bra, og det er faktisk mange som har fortalt at dei har laga den fleire gongar allereie!

Superenkel fiskegrateng var ei av dei første oppskriftene eg fekk frå dykk lesarar, gjennom ein facebook-kommentar. Så kjekt når de deler erfaringar, og eg lærte at ein kan lage fiskegrateng utan å koke makaroni og fisk på førehand.

Noko godt

Noko godt er det lille ekstra som er kjekt å avslutte eit måtid med, eller ta seg tid til å lage som helgegodt. Her var den mest populære sjokoladefondant med karamellfyll, og det er absolutt denne eg har fått flest snaps frå dykk av. Mange har laga dulce de leche (som er karamellen i midten) og dokumentert prosessen.

Februar var jo også månaden for fastelavn, og då sto sjølvsagt fastelavnsbollar på menyen. Bolle + krem + syltetøy = suksess!

Rå snickers som er søta med dadlar kom med på toppen (igjen!), og dette er absolutt ein av mine eigne favorittar. Søt, klissete og deilig heilt utan sukker.

rå snickersRå snickers

Bollefocaccia treng vel eigentleg ikkje anna introduksjon enn biletet. Saftig gjærbakst med vaniljekrem, blåbær og søt, klissete melis på toppen. Super å lage når det er mange som vil ete!

bollefocacciaBollefocaccia

Dette var favorittane i månaden som gjekk, men hadde du ein annan vil eg som sagt gjerne høyre.

Legg meg gjerne til på instagram og snapchat: kvardagsmat 🙂

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.