Vekemeny 10

Vekemeny 10 er klar, og vi er i gong med tredje månaden dette året -det går fort! Her er det ikkje heilt tid for å tenkje på vår enno, det er skisesong og snømåking sikkert ut denne månaden også før vegane er bare. 

Denne veka står det både vaksenfavorittar og barnefavorittar på menyen. Fiskepinnane med knust cornflakes er framleis stor stas for gutane mine å vere med å lage, og kantarellrisotto og hjortegryte er vaksenfavorittar. Vi møtes på midten og kan vere enige om at hamburger med heimelaga pommes frites er godt både små og store.

Håper du finn noko du har lyst til å lage den komande veka, og gi gjerne ein lyd på snapchat eller instagam: @kvardagsmat om du finn noko som fell i smak:)

Og tusen takk for alle fine ord og gratulasjonar dei siste dagane! Eg når ikkje rundt å få takka, men set pris på kvar og ein:)

Mandag:

risotto kantarell

Kantarellrisotto -med deilig tørka kantarell frå hausten, eller med annan sopp kjøpt frå butikken.

Tysdag:

sashimi

Sashimi med vårløk og spicy saus -superrask middag med litt futt i!

Onsdag:

krema fiskesuppe med sei

Krema fiskesuppe med sei -veldig god fiskesuppe der du godt kan bytte ut sei med skrei som er i sesong no.

Torsdag:

hjemmelagde fiskepinner corn flakes

Heimelaga fiskepinnar -kidsa sin favoritt, både å lage og å ete.

Fredag:

Vekemeny 10

Pizza med blomkålbotn -ein ny vri på den tradisjonelle pizzabotnen!

Laurdag:

vekemeny 10

Hamburger med tomatsalsa og pommes frites -vel verdt tida det tek å lage! Mmmm!

Søndag:

hjortegryte

Hjortegryte -klassikar!

Noko godt:

Brownies

Brownies -verken meir eller mindre. Deilig klissete sjokoladekake!

Vekas brødmat:

protein brød

Proteinbrød -super å dele opp og ha skiver i frysaren som kan tinast i brødristaren.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!