Januar topp 10

Januar topp 10 er klar etter å ha kika gjennom statistikken for den forrige månaden. Det beste frå januar får du her:

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød som var årsfavoritten i fjor, med milde karrismakar som passar for heile familien.

Kyling Curry

Kylling Curry er ein litt kraftigare versjon, med fyldigare saus og meir farge og krydder i. Likevel mild på smak, og nydeleg god på ein heilt vanleg kvardag.

thai vårrullar

Thai vårrullar har vore populære alle helgene i januar, og ut i frå snapchat de har sendt er det mange som har laga gode vårrullar anten åleine eller saman med nokon på kjøkkenet. Dette er perfekt mat å lage i helga, og leggje i frysaren for kjappe middagar i veka.

oppskrift proteinrundstykker

Proteinrundstykker er framleis ein favoritt her i heimen, og blir rørt saman og servert når det er tomt for brødmat i huset. Ferdige på under 30 min!

hjortegryte

Hjortegryte var populær etter å ha blitt anbefalt som nyttårsmiddag hjå Coop Extra sine sider. Ein middag som passar godt denne kalde vintertida.

oppskrift eltefrie brød

Eltefritt linfrøbrød er ein versjon av det populære eltefrie brødet, som steikast i vanleg brødform. Nydeleg brød med mykje tid, men liten innsats.

biff bearnaise hasselbackpoteter

Bearnaisesaus og framgongsmåten steg for steg er mykje brukt, og har fått veldig kjekke kommentarar frå dykk lesarar. Tusen takk!

grove scones

Grove scones på 1-2-3 rekk du å røre saman og steike før resten av huset vaknar ein søndagsmorgon. Då blir det blide fjes rundt bordet:)

Verdas beste bollar

Verdas beste bollar der ein kokar opp mjølka og hoppar over forheving er det mange som har klikka seg inn på og lete seg begeistre av.

Minestronesuppe

Minestronesuppe er ein fest både for auge og gane, proppa med alt du kan finne av grønsaker. Ein perfekt boost midt på vinteren som varmt kan anbefalast i februar også!


Hadde du ein annan favoritt? Send meg gjerne ein snap eller legg igjen ein kommentar. Det er så kjekt å sjå og høyre når de nyttar oppskriftene:)

Følg meg gjerne på instagram/snapchat: kvardagsmat.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.