Vekemeny 2016 / 1

Den er tid for første versjon av vekemeny 2016. I morgon er kvardagen tilbake og då er det lurt å ha ein plan, for å sleppe å stå svolten på butikken og lure på kva ein skal lage til middag.

Veka startar med den mest populære middagen på bloggen i året som gjekk: kyllingsuppe med nanbrød. Denne er fin å lage på ein kvardag, og det er ingen som seier eit pip om du vel å skippe nanbrøda eller kjøpe med deg frå butikken.

Vidare i veka finn du torsk med soyasmør som verkeleg løftar steikt torsk til ein betre rett! I dei fleste oppskriftene er det flust av grønsaker, så alle vitaminlager skal bli toppa no når juleferien er over!

Til helga står det sunn taco på menyen, som smakar så godt når du tek deg tid til å lage det av ekte varer og ekte grønnsaker. Anbefalast!

Ha ei fin veke, og del gjerne på snapchat og instagram om du lagar noko frå bloggen #kvardagsmatno.

Følg meg på snapchat og instagram: kvardagsmat

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Noko godt:

Vekas brødbakst:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!