Nyttårs-bord

dekke nytt års bord

Nyttårs-bord

Så er siste kvelden i året her, og vi har ete nydeleg pinnekjøtmiddag saman med familie. Bordpyntinga i dag er det mange som har spurt etter fleire bileter av, så eg nyttar nokre minutt av den lange kvelden til å dele desse bileta med dykk.

diy nytt år einer pynt

På bordet er det kvit duk (veldig greit når mamma stiller med ferdigstrøken duk….halve jobben gjort med ein gong) pynta med einer og konglar henta frå skogen. Med to gutar som ivrige hjelparar er jo dette fort gjort å få samla og samtidig få bonusen av å lufte seg litt på ein dag som denne.

kongler einer bord nyttårs bord

I tillegg til det som er henta frå skogen har vi pynta med julekuler i ulike gull/beige/kopar fargar og telys i ulike glas og stakar.

kongler einer bord inspirasjon dekke bord

Serviset har mamma arva frå ei tante, og sjølv om det er over 50 år gammalt er det heilt inntakt og så fint behandla. Gullkantar passar jo fint på ein slik dag!

nyttårsbord

Og så glas med stett då. Massevis av glas med stett! Det kan jo like gjerne drikkast vatn av, og gjer verkeleg bordet til eit festbord spør du meg.

hvordan dekke bord nytt år

Serviettringane som er stjerneforma med gullskimmer er kjøpte i Kuala Lumpur, nettopp med tanke på nyttår. Då er jo stjerne like passane kvart eit einaste år.

hvordan dekke bort nyttårsaften hvordan dekke bort nyttårsaften

Håper bileta inspirerte deg til å dekke eit skikkeleg festbord ved neste høve, og så ønskjer eg deg eit aller siste GODT NYTT-ÅR!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.