Dei mest populære oppskriftene i 2015

Dei mest populære oppskriftene i 2015 på bloggen er no klare, og blir presentert under i kronologisk rekkefølgje. Statistikken er klar på at det er Kyllingsuppe med nanbrød som tronar på toppen. Dette var den mest populære i fjor også, og har klart å behalde tittelen i år også!

I tillegg til kyllingsuppa finn ein også to andre oppskrifter som er i frå fjoråret. Dette er Bearnaisesaus og Lasagne med grønsaker. Tre populære fjorårs-oppskrifter blant dykk lesarar der altså! Så stas!

Dei sju resterande er nye oppskrifter av året, og det viser igjen at lesarane av kvardagsmat allerhelst vil lese om brød, enkle middagar og kaker. Det passar jo bra, for dette kjem det meir av i 2016!

At de tek dykk tid til å leggje igjen kommentarar og sende tilbakemeldingar både her og der både når ting funkar og også når det har vore ein glipp i korrekturlesinga set eg veldig stor pris på. Tusen takk!

Her er dei oppskriftene de lesarar har klikka mest på i 2015:

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød


Så har du laga nokre av desse oppskriftene vil eg gjerne høyre frå deg, det er så kjekt å få tilbakemeldingar frå deg som nyttar deg av kvardagsmat når du skal lage mat!

Du finn meg både på instagram og snapchat: kvardagsmat.


For ordens skuld er dette statistikken frå før eg flytta bloggen til ny server, så ingen av desemberoppskriftene er teke med i utrekninga. Men du er kanskje lei av julegodterier no likevel?;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.