Årskavalkade 2015 del 2

Juli

taxi kuala lumpur

Ein av våre kjekke sjåførar – Abu

I juli var det avslutning på skulen og triste avskjedar med alle vi var så heldige å bli kjende med. Vi rydda og pakka saman før eg og kidsa reiste (åleine!) via Bangkok til Oslo, medan mannen i huset fekk ta seg av alt det praktiske med utflytting og sending av møblar.

Reisa gjekk heilt fint med to kjekke, og etterkvart reisevande, karar på 4 og 6 år. Begge to var lukkelege over å kome til ein plass der ALLE snakka norsk, og var skjønt einige om at dei gjerne kunne flytte til eit anna land seinare -så lenge dei snakka norsk i det landet!

På veg inn å sjå slottet

På veg inn for å sjå slottet

I Oslo tenkte vi å få nokre dagar med austlands-sommar før vi reiste heim til kalde Sunnmøre, men den gang ei. Det blei innkjøp av varme sko og jakker første dagen, og all klaginga på vêret som vi hadde lest om blei bekrefta.

Home Sweet Home

Home Sweet Home

Vi reiste heim til Sunnmøre og flytta inn i huset vårt igjen. Vi syntest det var fantastisk å kunne drikke reint vatn frå springen, å gå i fjella og puste frisk luft over alt. Og så var det himla kjekt å treffe igjen alle kjente!

Klatrepark i Valldal

Klatrepark i Valldal

Geiranger

Geiranger

blåskjell

Instagram: Blåskjell

 

På bloggen laga eg Fiskesuppe med blåskjell og reker og Krokanis utan ismaskin

fiskesuppe

Fiskesuppe med reker og blåskjell

heimelaga krokanis

Krokanis utan ismaskin

August

Utsikt frå Thereseråsa mot Hjørundfjorden

Utsikt frå Thereseråsa mot Hjørundfjorden

I august var det skulestart for eldstemann, og kvardagslivet kom raskt i gong.

Fjellturar i den magiske naturen her stod høgt på prioriteringslista og vi plukka både multer, blåbær og kantarell.

Utsikt mot Hjørundfjorden og Slogen

Instagram: Utsikt mot Hjørundfjorden og Slogen

Fjelltur og multeplukking

Fjelltur og multeplukking

Blåbærplukking

Blåbærplukking

Utsikt frå Åvasstinden mot Molladalen

Bergteken av naturen heime: Utsikt frå Åvasstinden mot Molladalen

Hornindalsrokken: check!

Hornindalsrokken: check!

På bloggen laga eg Sashimi med vårløk og spicy saus og Bollefocaccia.

sashimi med spicy saus bollefocaccia

September

I september var eg ein tur til Oslo og nytta høvet til å møte min andre matbloggkollega dette året: Ina bak bloggen Mat på bordet. Veldig kjekt!

Det blei plass til ei helg i Amsterdam saman med min kjære og det blei eit eige blogginnlegg med tips frå den helga.

vindmølle amsterdam

 

 

amsterdam helg tips husbåtar amsterdam

På bloggen laga eg mellom anna Langpannebrød.

langpannebrød

Oktober

trinesmatblogg

I oktober møtte eg Trine bak Trines matblogg då ho var på bokturné i Ålesund, og kunne sjekke av mitt tredje hyggelege matbloggmøte dette året. Det håper eg å få til fleire av i året som kjem! Så inspirerande og kjekt å få dele erfaringar og få gode råd.

Det blei fleire fjellturar i det fine haustvêret, og framleis var det mykje å plukke med seg heim frå naturen.

På veg mot Skålatårnet, Loen under skodda

På veg mot Skålatårnet, Loen bak skodda

Eg fekk vere fluge på veggen då ein kamerat laga blodpudding, og synest det var kjempestas! Absolutt ikkje favoritten å ete, men så viktig å ta vare på tradisjonar knytt til mat og å nytte alle delane av dyret når det først skal slaktast.

Heimelaga blodpudding

Instagram: Heimelaga blodpudding

pølse makaroni grateng

Pølse- og makaronigrateng

På bloggen var det Pølse- og makaronigrateng som blei ei av dei mest delte oppskriftene og på heimebane var det Heimelaga fiskepinnar som blei den største suksessen.

hjemmelagde fiskepinner

Heimelaga fiskepinnar

Vi laga Eplekake med norske epler, Rocky Road Fudge og pynta til Halloween.

rocky road dessert

Rocky Road Fudge

halloweenlykt

Enkel Halloweenlykt

eplekake

Norske epler: Eplekake

November

November blei mørkare og mørkare, og vi sakna det å ha dagslys frå 7 til 7 heile året som i Asia. Eg fekk vere med å lage lammerull og pølse saman med ein særdeles gjestfri familie i to omgongar.

Heimelaga lammerull

Instagram: Heimelaga lammerull

På bloggen laga eg blant anna Proteinrundstykker, Lavakake og Melkerull-bolle.

protein rundstykker

Proteinrundstykker

lava cake

Lavakake

melkerull-bolle

Melkerull-bolle

Kvardagsmat blei Nominert til Årets matblogg og eg skreiv eit innlegg om Mine kjøkkenfavorittar.

drømmekjøkken

Mine kjøkkenfavorittar

Desember

Instagram: Winter Wonderland

Instagram: Winter Wonderland

bakt ostekake med bringebær

Bakt ostekake

Desember starta med bursdagsfeiring og Bakt ostekake. Tanter og søskenbarn samlast på kjøkkenet for å bake potetlefser og eg delte oppskrifter på julegodt kvar dag.

potetlefser baking

Baking av potetlefser

Tanter, mamma i midten og meg klar for lefsebakst

Klare for lefsebakst

På bloggen blei Sarah Bernhardt med gult fyll veldig populær, saman med Troika og Kransekakestenger, og Fløtekarameller.

sarah bernhardt med gult fyll

Sarah Bernhardt med gult fyll

troika

Troika

kranse kake stang

Kransekakestenger

fløte karamell

Fløtekarameller

Eg kunne fortelje at eg er ein del av Apetina sitt Taste Team og eg fekk endeleg flytta bloggen over til ny server med god hjelp frå ein kjekk nabo. Det har stått på lista i heile år, og var så fint å få sjekka av lista før det nye året kjem!

Apetina Taste Team

Apetina Taste Team

Du som lesar har forhåpentlegvis ikkje merka dei store endringane etter flyttinga, men er det noko du synest fungerte betre før eller du skulle ønskje var anleis må du gjerne gi meg eit lite vink.


Dermed var året raskt oppsummert, og det er berre å brette opp ermane og gjere seg klar for eit nytt!

Måtte det bli like fint!

GODT NYTT ÅR !

Tusen takk for nok eit fint matblogg-år og godt nytt år til deg!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!