Årskavalkade 2015 del 1

petronas tårna

Petronas Towers – Kuala Lumpur

Det nærmar seg slutten av år 2015, og det gir rom for tilbakeblikk og ettertanke. Vi har hatt eit år vi kjem til å hugse ekstra godt, sidan første del blei tilbrakt i Kuala Lumpur i Malaysia. Vi snakkar framleis om det nesten dagleg, og minstemann på fire år lurer på når vi skal flytte til Malaysia igjen…!

Det er det ingen planar om altså, berre så det er sagt, men har du moglegheita til å ta eit år eller tre i utlandet med familien så anbefalar eg det på det varmaste!

griling malaysia

Grilling på taket

Eg har klikka meg tilbake gjennom året og plukka ut høgdepunkta frå året som har gått, både på bloggen og privat. Gjer deg klar for eit bilderas utan like, her får du første del av år 2015 oppsummert:

Januar

kvikk lunsj kake

Kvikk Lunsj-kake

Vi starta året her heime i Norge på juleferie, og blei heime så lenge at eldstemann fekk feire seksårsdagen sin. Det blei delt på bloggen med Kvikk-Lunsj Kake, før vi sette oss ombord i flyet og tok med oss svigers på besøk til heimen vår i varmare strøk.

nynorsk ordliste

Nynorsk finalist

Kvardagsmat blei kåra til finalist i konkurransen om å bli verdas beste nynorske blogg, saman med utruleg flotte medfinalistar. Til slutt var det den flotte bloggen Utetid som stakk av med sigeren!

Vi reiste til Thailand og Phuket saman med besøket vårt, og hadde deilige dagar ved basseng og strand der.

Leik ved bassenget - Phuket

Leik ved bassenget – Phuket


Solnedgong Phuket

Solnedgong Phuket

Nokre veker seinare reiste vi til Thailand igjen, denne gongen for å oppleve Bangkok saman med gode Kuala Lumpur-vener.

båttur i bangkok

Gjengen på båttur i Bangkok


utsikt bangkok

Utsikt utover Bangkok


Temple of Dawn

Temple of Dawn


lebua sky bar

Sky Bar Lebua

Februar

Piknik i Perth

Piknik i Perth

I februar reiste vi til vestkysten av Australia og opplevde Perth og litt av området rundt. Det var fantastisk å kome til eit land der alt fungerte etter å ha blitt vane med trafikk-kork og andre Malaysiske-særheiter.

Vest-Australia sjarmerte oss like mykje som austkysten gjorde første gong vi besøkte landet, og eg skjønnar godt at det er mange norske som vel å studere og bu her.

Nokre av opplevingane vi fekk med oss var ørkenlandskap, vingardar, strandliv, fengselbesøk og ein dag i dyreparken.

Australsk skilt

Australsk skilt langs vegen


Pinnacle dessert

Pinnacle dessert


Strand Perth

Strand Perth


Vingård Australia

Vingård

Som ein bonus på turen vår fekk eg tid til å møte Sigrunn bak bloggen En klype salt som også var expat. Det var første gongen både ho og eg møtte ein annan matbloggar og absolutt noko som gav meirsmak -synest eg i allefall 😉

bokhvetegrøtPå bloggen laga eg bokkveitegraut, som blei ein frukostfavoritt denne månaden.

Mars

feiring av kinesisk nyttår

Feiring av kinesisk nyttår

I mars feira skulen som kidsa gjekk på kinesisk nyttår, litt på etterskot. Heile opplegget med kinesisk nyttår og vekene med førebuing før sjølve dagane var fint å få oppleve.

Dei innfødde med kinesisk opphav vaska og pynta og det var ikkje måte på. Borna fekk “spending money” som gåver, og alle var innom tempela. Butikkar og treningssenter som aldri stengde heldt faktisk stengt nokre timar, og heile landet (verdsdelen) sto like mykje på hovudet som når vi her heime feirar jul.

karamell popcorn

På bloggen delte eg Karamellpopcorn som vi blei aldeles hekta på og freista av inne på eit av kjøpesentera nær oss.

Vi utforska naturen i nærleiken av byen og gjekk den såkalla “Canopy Walkway”en og vi fekk besøk av familien til påske.

Bading på taket

Bading på taket


canopey walk

Utsikt opp mot himmelen i skogen på veg mot Canopy Walkway

 

April

I april tok vi med foreldra mine til Langkawi, ei øy heilt på grensa til Thailand, for sol og strandliv.

Langkawi

På bloggen publiserte eg Braisert lammeskank med marokkansk krydder og vi laga vår eigen versjon av Plukkesuppe som vi ofte gjekk for å ete i ein “food court” (mathall) i Kuala Lumpur.

braisert lammeskank

Braisert lammeskank med marokkanske krydder


plukke suppe

Plukke-suppe

 

Mai

champagnelunsj

Champagnelunsj


Nobu KL

Middag på Nobu

I mai feira eg bursdag med champagnelunsj saman med jentene og sju rettars middag på sjømatrestauranten Nobu saman med min kjære.

Det var 17. mai feiring på den norske ambassaden saman med ca 500 andre norske expats, med pølser, is og leikar for borna.

17. mai i KL

Klar for 17. mai feiring

Vi reiste til Vietnam saman med gode Kuala Lumpur-vener og forelska oss i landet og folkeslaget. Eg fekk sneke meg vekk ein dag åleine for å vere med på matkurs i Hoi An, som eg har skreve meir om her.

market hoi an

Marked i Hoi An


Vietnamesisk Kaffi

Vietnamesisk Kaffi

På bloggen publiserte eg Pavlova i langpanne og Kanelblome.

verdens beste pavlova

Pavlova i langpanne


kanelblome

Kanelblome

 

Juni

Federal Territory Mosque KL

Federal Territory Mosque KL

I begynnelsen av juni hadde vi besøk av familie igjen, og det begynte å haste med alt som skulle opplevast før heimreise. Dei finaste moskeeane blei besøkt og eg fekk endeleg kåra meg til å dra på matkurs for malaysisk mat.

pinapple curry

Matkurs i KL

På bloggen var eg inspirert av Vietnamreisa vår og laga Mokkaiskake med sjokolade og marengs.

mokkaiskake med sjokolade og marengs

Mokkaiskake med sjokolade og marengs

Det var halve 2015, følg med for del 2 🙂

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!