Spesial vekemeny 2015 / 52

Det er tid for å gje dykk året aller siste vekemeny. Du har kanskje teke juleferie allereie? Men for mange er det nokre kvardagar igjen før jula skal ringast inn, og då trengst det raske, enkle og gode middagar no når siste innspurt av julemat, julebakst og julegåver skal ferdigstillast.

Eg har difor samla mine favorittar når tida eller lyst til å stå på kjøkkenet er lita. Og gir deg dermed ei spesialutgåve av vekemeny denne gongen. Enkle rettar før julehøgtida set inn for fullt.

krema pasta med røykalaks og fennikelKrema pasta med røykalaks og fennikeler super-rask å lage. Kok pasta, og når den er klar er alt anna også klart.

chicken tortillaTortilla med kyllingnuggetser populært både for små og store born. Nuggetsane blir så gode når du lagar dei sjølv, og det er raskt og enkelt.

20151103-DSC_0093Spagetti Carbonara er ferdig når pastaen er ferdigkokt, så denne kan stå på bordet etter 10 min!

pytt i pannePytt-i-panne med grillpølser er ein fin middag for barn og vaksne. Med flust av grønsaker og fine fargar.

Gode brød og rundstykker å lage til jul:

langpannebrød med rugLangpannebrød med rug og havre blei ein stor hit her på bloggen, og det med rette! Enkelt og godt brød som både små og store likar.

tebriksTebriks er smakfull og luftig bakst som er fin å ha gøymt i frysaren til gode julefrukostar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!