Vekemeny 2015 / 51

Ny veke og ny vekemeny! At det er veke 51 vi skriv er ikkje til å tru..! Dette året raser av garde, og det er ikkje mange kvardagane igjen før det nye året er her.

Eg har lova julegodt og julemat på bloggen i heile desember, og håper du har funne noko godt du har lyst å lage. I januar kjem kvardagsmaten tilbake, men fram til det blir det fullt julefokus.

Det plingar på instagram og snapchat (følg gjerne: kvardagsmat) fleire gongar for dag med fine bileter av alt de lagar, og det er så kjekt å sjå at de blir inspirerte! Fortsett å sende:)

Denne veka er full av gode og smakfulle rettar, som fint kan lagast på vanlege kvardagar. Og lagar du skikkeleg mat til middag kan den fint varmast opp att og serverast dagen etter. Restemat er jo min absolutte favoritt -sidan det gir mindre oppvask!

Håper du finn noko du har lyst til å setje på bordet denne siste heile veka før jul:)

frittataMandag: Frittata

kylling i curryTysdag: Kyllinglår i curry

tomatsuppeOnsdag: Tomatsuppe

torsk aspargesTorsdag: Steikt torsk med soyasmør

sunn tacoFredag: Sunn taco

hjortegryteLørdag: Hjortegryte

lammestek i surmelkSøndag: Lammesteik i surmelk

halvgrovt brødVekas brødmat: Halvgrovt brød

Sara BernhardtNoko godt: Sarah Bernhardt

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!