5 kaker til farsdag

I morgon er det farsdag, og har du ikkje bestemt deg for kva kake du skal lage (eller om du skal lage kake i det heile) så håper eg du finn inspirasjon her og blir freista til å bruke litt tid på kjøkkenet. Gled dei rundt deg med heimelaga bakst og gjer litt ekstra stas på far! Suksessterte er som namnet tilseier alltid ein suksess! Nydeleg mandelbotn med søt og god eggekrem på toppen.

Kvikk Lunsj-kake er nydeleg sjokoladekake (som også kan lagast som langpanne), toppa med Non-Stop og kanta med Kvikk Lunsj. Sjokolade i lange baner!

Gulrotkake utan mjøl er saftig og god med ein fantastisk glasur på toppen. Mmmmmm!

iskake med daim

Daimiskake med marengsbotn er nydeleg iskake, som krevst at du går i gong allereie i dag for å kunne servere i morgon. Alltid kjekk å ha på lur i frysaren:)

kanelblome

Kanelblome

Kanelblome er festvarianten av kanelsnurr og supert å servere til dei som helst vil ha kanelsnurr ved kvart eit festleg høve. Imponerane på bordet, men slett ikkje vanskeleg å få til.

Lagar du kake frå bloggen så bruk #kvardagsmatno på instagram eller send meg ein snap (kvardagsmat). SÅ kjekt å sjå alt de lagar:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.