Rustikke rundstykker

 rustikke rundstykker Dette er ei fin deig som eg ofte lagar på ettermiddagane ein heilt vanleg vekedag. Eg elter saman deiga medan eg lagar middagen, det er jo berre å måle opp og la kjøkkenmaskina gjere resten av jobben, og let deiga heve medan vi et middag og gjer andre aktivitetar. Når det er tid for å gå inn igjen med guttaboys trillar eg raskt ut rundstykker, lar dei så vidt etterheve medan omnen varmar seg opp og steiker dei. Då er det rykande varme rundstykker til kvelds og god niste klar til morgondagen. Rundstykka avkjøler eg på ei rist, og når det er tid for å finne senga legg pakkar eg dei rundstykka vi skal ha til morgondagen inn i eit kjøkkenhåndle og legg resten i ein plastpose i frysaren til andre dagar.
enkle rundstykkerTil 16 store rundstykker treng du:
  • 2 dl appelsinjuice el eplejuice
  • 10 dl vatn
  • 1 ss salt
  • 1 ss honning
  • 1/2 el. 1 pk tørrgjær (avhengig av kor god tid du har)
  • 3 ss olivenolje
  • 200 g grov sammalt rug
  • 200 g fin sammalt rug
  • 200 g grov sammalt kveite
  • ca 1100 g kveitemjøl
rundstykker
Slik gjer du:
  1. Bland alle ingrediensane og elt i maskin i ti minutt.
  2. Dekk med lokk og la heve til dobbel storleik (ca 2 timar).
  3. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  4. Elt saman deiga ved hjelp av ein slikkepott og ha over på mjøla bakabord.
  5. Strø litt mjøl over deiga og bruk slikkepotten eller ein kniv til å dele deiga i to, og så i to igjen heilt til du har 16 deigemner.
  6. Set emna rett på bakepapirkledd steikebrett, legg eit klede over og la heve i 10-15 min.
  7. Steik i ca 15 min, til rundstykka er gyldne under.
  8. Avkjøl på rist.
enkle rundstykker uten frø

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.