7 lamme­favorittar

Hausten er her ei stund til, og det betyr god tilgong til lam i butikkane. Når mørket overtek for dagslyset er det godt å kunne varme seg på ei smakfull gryte og invitere vener og familie på nye smakar. Her får du mine favorittar!

7 lammefavorittar

Lammegryte med rotgrønsaker er ei deilig varmande gryte som anten kan lagast på 1-2-3 med restar av ferdig kokt kjøt, eller lagast som ei langtidskokt gryte. Nydelege varme smakar.

Braisert lammeskank med marokkansk curry er mat som lagar seg sjølv i omnen medan du gjer andre ting. Kjøt som er så mørt at det fell frå beinet med herleg currysmak.

Crying tiger lamb er spicy og med smak av Asia. Du kan sjølvsagt justere mengden chili, men litt hyling frå tigeren må det vere i denne retten!

Marokkansk lammegryte med quinoa gir deg dei gode marokkanske smakane, men utan den lange koketida. Med lammekjøttdeig er dette ein fin-fin kvardagsrett i haustmørket.

Fårikål er ikkje utan grunn ei av haustens mest populære gryter å invitere til. At to ingrediensar kan bli så gode er nesten ikkje til å tru. Dette er også mat som lagar seg sjølv og berre treng ei magisk ingrediens til: TID.

Lammekjøttbollar i pita med tzatziki er finfin kvardagsmat som er lett å like for små og store. Vel sjølv om du vil bake pitabrød eller bruke ferdige, alt er lov!

Restesuppe med fårikål er bonusen etter å ha servert Fårikål i helga. Då har du kjapp, enkel og knallgod middag på mandag eller tysdag av restane. Og restemat er jo min absolutte favoritt;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.