Tilslørte bondepiker

tilslørte bondepiker Hausten er her, og det betyr eplesesong! Bruk epla medan dei er norske og ferske, som her i denne enkle men populære desserten.

Tilslørte bondepiker er genial dessert å servere når du skal ha gjestar, sidan den lett kan lagast i god tid før den skal serverast. Eit lite (eller stort) glas til kvar, der berre fantasien set grenser for korleis du danderar det. Epler og kanel er jo knallgodt i lag, og med karamelliserte smular og krem i mellom er det ikkje rart at denne desserten har den statusen den har.

tilsløra bondepikerTilslørte bondepiker til 4-6 pers:

  • 4 epler
  • 3 ss sukker
  • 1 dl vatn
  • 1/2 sitron
  • 50 g smør
  • 5 dl havregryn
  • 1/2 dl sukker
  • 1 ts kanel
  • 3 dl kremfløyte
  • 1 vaniljestang

norske eplerSlik gjer du:

  1. Skrell epla, del dei i terningar og ha dei i ei kasserolle.
  2. Vask sitronen godt og riv av det gule skalet med eit lite rivjarn.
  3. Ha vatn, sukker, sitronskal og sitronsaft i kasserolla og kok opp. La småkoke til epla er møre.
  4. Mos epla grovt og avkjøl.
  5. Kjør 3 dl av havregryna i ei matmølle (food prosessor) til havremjøl.
  6. Smelt smør i ei steikepanne og ha i havregryn, havremjøl, sukker, kanel.
  7. Steik på middels-høg varme til blandinga har blitt karamellisert, rør heile tida.
  8. Ha over på ein tallerken og avkjøl.
  9. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa.
  10. Ha frø og kremfløyte i ein bolle og visp til krem.
  11. Legg lagvis havregryn, eplemos og krem, pynt gjerne med litt ekstra kanel.
epledessert krem epler

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.