Steikt torsk med potetmos, asparges og soyasmør

steikt torsk med potetmos, asparges og soyasmør Denne middagen serverte eg til mine foreldre ein av dei første dagane vi var heime i Norge igjen. Det gjekk mykje i fisk dei første dagane, det var verkeleg noko vi hadde sakna i Asia.  Eg blei aldri heilt fortruleg med å handle ukjende fisketypar og filetere og gå i gong der borte. Det er mykje enklare å kjøpe ein ferdig fiskefillet her i Norge som eg både veit korleis ser ut og smakar når eg er innom butikken.

Og denne torsken her fall i smak hjå den eldre garde også. Dei kunne ikkje forstå at litt soyasaus i smøret kunne gjere så stor forskjell. Men det gjer det! Soyasmør er rett og slett soyasaus og smør, og det gjer at sausen blir ekstra salt og god. Superenkelt og digg, akkurat slik vi vil at kvardagsmiddagen skal vere.

Sidan asparges var i høgsesong då denne kom på bordet var det som fekk følgje av grønt, men her kan du fritt velje det du vil. Brokkoli eller steikt spinat passar like bra!

Til 3-4 personar treng du:

  • ca 400 g torsk
  • 3 ss smør
  • 1-2 ss soyasaus
  • 10-12 asparges eller brokkolibukettar
  • 8-10 poteter
  • 1 ss smør
  • ca 2 dl mjølk
  • salt og peppar
torsk soyasmør

Slik gjer du:

  1. Skrell potetene og del dei i terningar. Ha dei i ei kasserolle med vatn som akkurat dekkjer dei og kok opp. La småkoke under lokk til potetbitane er møre. Hell av kokevatnet, ha i smør og mos. Spe med litt og litt mjølk til du får passe konsistens og rør kraftig mellom kvar gong.
  2. Varm litt smør i ei steikepanne på medium-høg varme. Legg i torskefiletane og la dei steike til dei er 2/3 steikt i gjennom, hjå meg tok det omlag ti minutt, slik at dei blir karamelliserte på den sida. Snu fisken og la dei steike berre akkurat lenge nok til å ikkje vere rå.
  3. I ei anna steikepanne fresar du aspargesen, etter at du har knekt av nederste delen på den, i nokre få minutt. Tenk at den skal bli varm, ikkje gjennomsteikt og slapp. Ta ut aspargesen, ha i smøret og la det smelte. Smak til med soyasaus.
  4. Servér!
steikt torsk soyasmør

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.