Søtpotetpizza med tacokjøttdeig og asparges

søtpotet pizza

Søtpotet er og blir genial, og kan (som potetnamnet skulle tilseie) brukast til det meste. Vi har stort sett alltid ei eller fleire søtpotet liggande i kjøleskapet, og difor er det ein finfin ingrediens å nytte når ein treng å bruke opp andre restar. Som i denne retten, der vi hadde tacokjøttdeig liggande frå kvelden før, asparges som måtte bli brukt fortast råd og lysta på å ete pizza var stor. Løysinga var sjølvsagt søtpotetpizza med taco og asparges! Har du anna fyll liggande, eller har lyst på noko anna kan du sjølvsagt toppe pizzabotnen med det!

I denne versjonen har eg nytta eplecidereddik som blir omtala som den «magiske ingrediensen» i fleire amerikanske oppskrifter. Eg har ikkje heilt skjønt kva det er den gjer, men sidan eg hadde det i kjøleskapet prøvde vi det i, og pizzaen blei veldig god den! Har du ikkje det, kan du nytte eit egg i staden, eller skippe det.

søtpotetpizzabunnTil 1 pizza treng du:

  • 1 stor søtpotet (ca 400 g)
  • ca 50 g havregryn (eller ferdig malt havremjøl)
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts basilikum
  • 1 ss eplecidereddik (eller 1 egg)

Topping:

  • 200 g tacokjøttdeig
  • 8 asparges
  • 1 neve ost
  • Ruccola

søtpotetpizzaSlik gjer du:

  1. Skrell søtpoteten, del den i terningar og kok den til den blir mør, ca 15 min.
  2. Mal havregrynet til mjøl i ei matmølle (eller bruk ferdig havremjøl).
  3. Hell av kokevatnet på søtpotetene og mos med ein potetstappar/visp til du har potetstappe.
  4. Rør inn havremjøl, salt, basilikum og eplecidereddik.
  5. Smør potetmosen jamnt uttover eit bakepapir og steik pizzabotnen på 200 grader til den har tørka ut og nesten er brent i kanten, ca 15-20 min. Gjerne på varm pizzastein.
  6. Ta ut pizzabotnen, ha på fyllet og set tilbake i omnen. Steik til osten har smelta og fyllet har blitt varmt, 5-10 min.
  7. Server med ruccola på toppen.

Håper pizzaen fell i smak!:)

søtpotetpizza med tacofyll og asparges

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.