Mine best tips i Kuala Lumpur!

twin towers kuala lumpur

Så var året omme, og vi vender nasen heim mot norsk sommar. Eg blei åtvara før vi reiste at året kom til å gå rasande fort, og at vi måtte planleggje reiser og andre ting vi ville oppleve med ein gong vi kom ned og berre setje i gong å oppleve. Det var verkeleg spot-on, eg kan ikkje skjøne at det har gått eitt år allereie?!

utsikt Kuala lumpur

Kuala Lumpur er ein fantastisk by, og eg fall pladask allereie første dagen. Etter eitt år her har vi gjort oss litt kjende og det er nokre attraksjonar som står som betre enn andre og dei tenkte eg at eg kunne dele med dykk. Om du er så heldig at du skal stoppe innom denne byen og lurer på kva du bør få med deg, så gir eg deg nokre tips her. Men for all del, dette er mine meiningar -du vil kanskje få eit heilt anna svar frå nokon andre.

Her er mine topp-tips:

petronas towers

Twin Towers er sjølve landemerket for byen, og det er mogleg å få kome opp på brua mellom dei to bygningane og til topps i det eine tårnet. Fantastisk utsikt, og kjekt å høyre historia til dei to tårna.

heli lounge

Heli Lounge – beste stad for ein drink. Du sit på toppen av ei bygning, på eit helidekk faktisk! Kom dit før sola går ned (gjerne når dei opnar kl 6) og få med deg solnedgongen frå toppen av Kuala Lumpur. Vind i håret og fantastisk utsikt. Finare dresskode etter kl. 9.

jalan alore

Jalan Alore – verdskjent street food. Ei herleg levande gate med plasstolar og plastbord. Bestill fleire rettar og del på det de får. Myyykje godt! Ta på deg vanlege kle (ingen grunn til å pynte seg her) og unngå å gå på do medan du er der;)

nobu KL

Beste restaurant oppleving: Nobu -resturantkjede som er kjent for fantastisk sjømat. Ikkje ein plass ein går kvar kveld, men fin-fin om du skal feire noko. Bestill “Kokkens anbefaling” med sju ulike rettar. F-A-N-T-A-S-T-I-S-K!

mosque

Finaste moskéen å besøke er Federal Territory Mosque (ved Publika/Mont Kiara). Hugs å ta av deg på beina, og så får du låne kappe og sjal til hovudet. Engasjerte og vennlege frivillige guidar deg rundt, og du får sleppe inn i over alt. Vel verdt turen!

petaling street

Chinatown: Petaling Street -må opplevast både på dagtid og på kveldstid. Smyg deg gjerne inn i ei sidegate og opplev wet-marked, der dei sel kjøt på ein måte vi absolutt ikkje er vane med frå Norge.

batu caves

Reiser du med born kan eg anbefale å ta turen til akvariet, fugleparken og Batu caves i tillegg. Du finn alle lett på tripadvisor.

Kuala Lumpur er ein enkel by å vere turist i, sidan nesten alle snakkar svært godt engelsk. Byen liknar veldig på Singapore, men ligg i allefall ti år etter. Byen er litt skitnare, har litt meir mangfald og mykje meir kaotisk trafikkbilete. Dette gjer at den enklaste måten å kome seg rundt på er å nytte taxi. Hald deg til dei blå taxiane, det kostar uansett ikkje meir enn ein bussbillett i Norge.

solnedgang på taket Kuala Lumpur er ein herleg levande by som absolutt kan anbefalast som reisemål eller “stop-over” nokre dagar.

Lurer du på noko eller har du fleire tips eller andre anbefalingar så legg gjerne igjen ein kommentar!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!