Baconsurra biff med søtpotet

rødvinsausBiff med bacon rundt er skikkelig digg mat, og med selskap av Pommes Anna i søtpotet-versjon og enkel raudvinsaus blir dette mat som gir smil rundt bordet. Pommes Anna er tynne potetskiver, dyppa i smelta smør og steikt i ein stabel. Eg nytta ei muffinsform, men du kan fint bruke små porsjonsformer eller rett og slett stable potetene i høgda.

baconsurra biff

Til 2-3 personar treng du:

Baconsurra biff:

  • 250-300 g indrefilet (125-150 g per person)
  • 2-3 skiver bacon
  • 1 ss smør eller ghee
  • salt og peppar

Pommes Anna søtpotet:

  • 1 stor eller 2 små søtpotet
  • 1 fedd kvitløk
  • 50 g smør
  • 1/2 ts timian
  • 1 ts salt

Sautert bok choy:

  • 3-4 bok choy (eller spinat)
  • 1 ss smør eller ghee
  • 2 fedd kvitløk

Raudvinsaus:

  • 1 ss smør eller ghee
  • 2-3 sjalottløk eller 4-5 perleløk
  • 2 dl raudvin
  • 1 dl kraft (eller vatn/vatn + buljong)
  • 1 ts sukker
  • salt og peppar
  • 50 g smør
søtpotetstabel pommes anna søtpotet

Slik gjer du:

Pommes Anna søtpotet:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Vask søtpoteta godt og del den i tynne skiver ved hjelp av ein mandolin eller ein kniv.
  3. Smelt smøret, ha i finhakka kvitløk og krydder.
  4. Vend potetskivene i smøret og stable dei i muffinsforma. Dei fell litt saman under steiking, så la det gjerne vere ein liten topp på dei. Hell eventuelle restar av smøret over.
  5. Steik midt i omnen i ca 40 min, til potetstablane er gyldne og mjuke i gjennom.

Baconsurra biff:

  1. Krydre biffane med salt og peppar og fest baconstrimlane rundt ved hjelp av ein tannpirkar.
  2. La kvile på benken medan du lagar klar sausen.
  3. Smelt smøret i ei panna, ha god varme.
  4. Steik biffane 2-3 min på kvar side, slik at du får karamellisert/bruna biffane. Skru ned varmen og steik vidare til du får den slik du likar den (rå/medium/godt steikt). Eventuelt kan du leggje dei i ei eldfast form og la dei steike nokre minutt i steikeomnen som avslutning.

Raudvinsaus:

  1. Finhakk løk og steik i smøret til løken blir blank.
  2. Hell over raudvin og la koke inn til du har 1/3 av mengda (ca 10 min på min omn).
  3. Ha i krafta og sukkeret og kok opp. Hold varmt.
  4. Rett før servering rører du inn smøret og smakar til med salt og peppar.

Sautert bok choy:

  1. Del bok choy i bitar og finhakk kvitløken.
  2. Fres kvitløk i smøret i 1 min.
  3. Ha i bok choyen og fres vidare til den fell saman, 1-2 min.
baconsurra indrefilet

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!