Frittata med italiensk pølse

frittata

Frittata er italiensk omelett eller ein variant av quiche om du vil. Suverent enkelt, og kan varierast alt etter kva du har i kjøleskåpet. Med egg som base er det berre å tilsette det du har og vips har du nydeleg frukost, lunsj, middag eller kvelds. Denne retten kan fint brukast til alle måltid, og er nesten betre når den blir varma opp igjen andre gongen. I denne versjonen skal det vere italiensk pølse, noko eg var så heldig å finne i kjøtdisken. Finn du ikkje det tek du ei anna god pølse, gjerne noko laga lokalt der du bur -dei smakar ofte best.

italiensk frittata

Frittata med italiensk pølse

Til ca 6 personar treng du:

  • 8 egg
  • 3 ss extra virgin olivenolje
  • 300 g fersk italiensk pølse
  • 1/2 løk
  • 75-100 g fersk spinat
  • 200 g ricotta
  • 2 portobello el sjampinjong sopp
  • 1/2 ts salt + litt peppar
  • 50 g reven parmesan

fritata

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.
  2. Visp egga godt saman, rør inn 2 ss olivenolje.
  3. Skjær løk i bitar, finhakk spinaten og del opp soppen.
  4. Klem innhaldet frå pølsa ut av skinnet og smuldre den opp i mindre bitar (eller del opp pølsa om du ikkje fekk tak i fersk pølse).
  5. Ha 1 ss oljenolje i panna og steik løk og pølse til løken er blank. Ha i salt og peppar.
  6. Ha i spinaten og la den steike med til den fell saman, ca to minutt.
  7. Bland i ricotta og sopp.
  8. Hell over egga og bland godt. Legg på lokk og la steike på svak varme i 3 minutt.
  9. Ta av lokket, strø over parmesan og set panna inn i omnen i 20 minutt.
  10. Avkjøl i 5-10 min.
  11. Server med salat, friske urter og gjerne godt brød.

Frittata med italiensk pølse

 

Denne oppskrifta er inspirert og henta frå wheatbelly.com

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.