Eltefrie speltrundstykker

eltefrie speltrundstykke

Spelt skal jo vere mykje mildare for magen enn kveitemjøl, og det er jo ikkje å forakte for nokon. Når du kan bruke spelt på nesten same måten som kveitemjøl er det enkelt å bytte ut mengdene, men lurt å hugse at spelt oppfører seg litt annleis enn kveitemjøl. Det har litt svakare gluten og toler mindre elting, noko som gjer at eltefritt og spelt er ein fin kombo!

Eltefrie speltrundstykker

Den eltefrie metoden passar godt til å lage rundstykker, då rekk du faktisk å steike dei og servere frukost ein laurdag morgon utan å stå opp lenge før alle andre. Tida i omnen er berre 15 minutt, og rundstykka treng berre å etterheve kjapt på benken medan omnen varmar seg opp. Det vil seie at du kan setje frukosten på bordet 30 min etter at du kom inn på kjøkkenet. Det kan vi like!

eltefri spelt

Oppskrift på Eltefrie speltrundstykker

10-12 rundstykker porsjonar

  • 500 g spelt (finmalt)
  • 50 g linfrø
  • 50 g sesamfrø
  • 1 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 5 dl kaldt/lunka vatn
  1. Set bakebollen på vekta, null ut, og mål opp alt det tørre rett i bakebollen.
    Ha i vatnet og bland raskt saman.
    Set på lokk og la heve på benken over natta.

  2. Bruk ein slikkepott og brett deiga nokre gongar over kvarandre før du har den over på mjøla bakepapir.
    Bruk slikkepotten og form ei avlang pølse som du klappar litt flat og brettar i to på langs.
    Del opp til passe rundstykker, eit tips er å bløyte slikkepotten mellom kvar gong, slik at deiga ikkje heng fast.
    Legg eit klede over og la stå på benken medan omnen varmar seg opp.
    Set omnen på 230 grader med eit steikebrett inni.

  3. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og steik i ca 15 min til rundstykka er gyldne under.
    Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.