Tagliatelle av squash

tagliatelle av squash

Eg har fått mange spørsmål om korleis ein kan lage denne Squagettien når ein ikkje har fancy kjøkkenutstyr tilgjengeleg. Det går finfint! Her får du varianten laga med ein potetskrellar, og resultatet blir tagliatelle av squash. Når eg lagar denne kokar eg vanleg spaghetti til dei som vil ha det, og serverer squash til resten. Tomatsausen er den same.

Til 3-4 personar treng du:

  • 3-4 squash (1 til kvar person)
  • 400 g karbonadedeig
  • 1 løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1 boks hakka tomat
  • 3 ss tomatpuré (eller tomatketchup)
  • 2 stangselleri-stenger
  • 1 gulrot
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • salt og peppar
  • ei klype sukker
  • 2 ss olivenolje

 

squash spaghetti spaghetti av squash

Slik gjer du:

  1. Fres karbonadedeiga på høg varme, medan du hakkar den opp, til den er gjennomsteikt. Ha over på ein tallerken og set til side.
  2. Skjær løken, gulrota og stangsellerien i terningar og steik den på middels varme i litt olivenolje til den er blank. Finhakk kvitløk og ha i.
  3. Tilset tomatpure og hakka tomat. Kok opp.
  4. Krydre med basilikum og oregano, smak til med salt og peppar og ha i ei klype sukker.
  5. Ha i karbonadedeiga og la småkoke medan du lagar klar squashen.
  6. Skrell squashen (valfritt) og bruk ein potetskrellar til å lage tynne strimlar.
  7. Legg squashen i eit dørslag og strø over litt salt. Legg eit kjøkkenpapir på benken og ha squashen over dette. Klem ut litt av vatnet før du legg squashen på ein tallerken (den smakar like godt kald, men tek fort varme frå den rykande tomatsausen).
  8. Ha over tomatsaus og nyt ein god middag!
squashtagliatelle

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.