Omelett med tomat og paprika

omelett

Omelett har blitt den nye standardfrukosten min etter granola-perioden. To egg og ein skvett vatn vispa saman med ein gaffel som steiker ferdig medan eg lagar klar frukosten til kidsa. Enkelt nok til kvardags, og godt nok til å ete i helga, samtidig som det mettar godt.

Til 1 person treng du:

  • 2 egg
  • 1 ss vatn
  • litt salt og peppar
  • 1 ts smør/olje
  • 4 cherrytomatar (kan sløyfast)
  • 3 skiver paprika (kan sløyfast)
frukostomelett

Slik gjer du:

  1. Knekk egga i ein kopp, ha i vatnet, litt salt og peppar og rør raskt saman med ein gaffel.
  2. Smelt smøret i ei lita panne og hell blandinga over.
  3. Ha i grønsakene, og skru ned varmen til låg-middels.
  4. Legg på lokk og la steike i 3-5 min til omeletten er ferdig.
  5. Server med grøn salat.
Omelett med tomat og paprika

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!