Laks med lime og potetmos

laks med lime

Her får du ein enkel og god middag med laks som er ferdig og klar for servering på 20 minutt. Potetstappe er ein favoritt her i huset, både fordi det er ferdig på null-komma-niks i forhold til vanleg kokte poteter og fordi det smakar mykje betre…! Her har potetstappa fått fint følgje av laks med syrleg lime og saftig tomat og sellerisalat. Håpar middagen fell i smak hjå dykk óg!

Til 3-4 personar treng du:

  • 400-500 g laks
  • 1/2 lime
  • 15-20 stk aspargesbønner
  • Salt

 Tomat og sellerisalat:

  • 1 stor tomat
  • 2 stilkar stangselleri
  • Limesaft frå 1/2 lime
  • Salt og peppar
  • Olivenolje

Potetstappe:

  • 6-8 poteter
  • 1 ss smør
  • 1/2-1 dl mjølk
  • Salt og peppar

 

laks i ovn

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Legg laksen i forma, strø over litt salt og legg ei limeskive på kvart stykke.
  3. Steik midt i omnen til laksen flakar seg, dette tek ca 15 min.
  4. I mellomtida kokar du potetstappe og lagar tomatsalaten klar.

Potetstappe:

  1. Skrell og del potetene i terningar. Ha dei i ei kasserolle og dekk med vatn.
  2. Kok opp og la småkoke til potetene er møre, ca 10-12 minutt.
  3. Hell av vatnet (-ta gjerne vare på vatnet så kan du bruke det til aspargesbønnene!)
  4. Ha i 1 ss smør og mos til stappe.
  5. Ha i ein skvett mjølk, her avheng det av kor fast du likar stappa, og rør raskt med ei sleiv. Juster med meir mjølk til du får stappa slik du likar.
  6. Smak til med salt og peppar.

Tomat og sellerisalat:

  1. Vask grønsakene godt og del dei i bitar.
  2. Ha over 1 ss olivenolje og safta frå 1/2 lime.
  3. Krydre med salt og peppar.

Aspargesbønner:

  1. Vask dei godt og legg dei i ein bolle.
  2. Hell kokevatnet frå potetene over bønene og la dei trekke i 2-3 minutt.
  3. Hell av vatnet.
laks med lime og potetmos

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.