Squash-pizza med spekeskinke

squashpizza

Dette er ein super måte å ete squash på og er laga i ein fei. Har du i tillegg pizzasausen klar i frysaren går dette som ein leik og du har squash-pizza ferdig på få minutt. I tillegg til at du slepp å tenke på heving får du naturleg glutenfri pizza som smakar digg, og dermed enkelt kan serverast til gjestar som ikkje et mjøl. Slike bonusar likar vi;)

Squash-pizza med spekeskinke

Til 1 squash-pizza treng du:

  • 1 squash
  • pizzasaus
  • 5 skiver spekeskinke
  • 1-2 nevar riven kvitost

 

squash

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Del squashen i tynne skiver på langs ved hjelp av ein mandolin eller ein ostehøvel.
  3. Legg squashskivene slik at det ser ut som ein pizza på eit bakepapir.
  4. Stryk uttover pizzasaus.
  5. Topp med spekeskinke og ost.
  6. Steik squash-pizzaen i 10-15 min, til osten er godt smelta.
  7. Serverast enklast rett frå bakepapiret:)
Squash-pizza med spekeskinke

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.