Enkel bringebær-dessert

bringebær-dessert

Ein enkelt bringebær-dessert med berre tre ingrediensar som smakar nydeleg. Denne kan du lage til mange og servere i like glas, eller berre kose deg med sjølv når du får lyst på noko godt. Her får du mengdeforholda til eitt glas, så kan du lett doble opp til det talet du treng.

Til ein porsjon treng du:

  • 8-10 bringebær
  • 2-3 ss kesam med lime
  • litt reven mørk sjokolade (75 % kakaoinnhald eller meir)
  • eventuelt litt frisk basilikum (eller andre urter du måtte ha)
bringebær og kesam

Slik gjer du:

  1. Skyll bringebæra godt og la dei renne av seg.
  2. Legg bringebær og kesam lagvis i eit glas.
  3. Riv sjokolade over og pynt med litt basilkum.
enkel bringebær-dessert

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.