Ovnsbakte grønsaker til grillmat

ovnsbakte rotgrønsaker

Ofte blir det salat og potetsalat som får slå følgje med grillmaten, men det er kjekt å kunne variere litt. Her får du eit veldig godt alternativ som lagar seg sjølv i steikeomnen medan du står ute og grillar. Sødmen frå dei ovnsbakte rødbetane er knallgod saman med dei andre rotgrønsakene, dei anbefalast å legge i handlekorga neste gong du er på butikken!

Til 3-4 personar treng du:

  • 2 sjalottløk
  • 2-3 runde rødbetar eller 1 lang
  • 4-5 nypoteter/amadine poteter
  • 1 gulrot
  • 2-3 ss olivenolje
  • salt og peppar
  • timian
grillmat

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over og undervarme.
  2. Skrell rødbetane og gulrota og del i terningar.
  3. Vask potetene godt og del dei òg i terningar.
  4. Skrell løken og del den i båtar.
  5. Ha alt i ei eldfast form med olivenolje i botnen.
  6. Strø over timian, salt og peppar.
  7. Set forma inn i omnen og la den steike i ca 30 min til grønsakene er møre. Bruk ei sleiv el.l. og rør gjerne i dei 2-3 gongar i løpet av steiketida.
  8. Klar til servering:)

Vi grilla kjøt med BBQ-saus og hadde salat og tzatziki til.

rotgrønsaker

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.