Pai med søtpotet

pai med søtpotet

Pai med søtpotet er ein ny versjon av favorittpaien vår. Denne gong har vi testa søtpotet i staden for paideig, det funka fint og kan anbefalast vidare:) Alltid kjekt å prøve noko nytt, og å få bruke meir av “nye” grønsaker.

Samtidig blir paien naturleg glutenfri ved å bruke søtpotet, og enklare enn å leggje den i skiver i botnen kan ein knapt få det. Håper paien fell i smak hjå deg også!

Pai med søtpotet:

  • 1-2 søtpotet
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • 10 skiver god spekepølse
  • 1 pakke ruccola
  • 1 liten rødløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 3 ss hakka soltørka tomat
  • 1 god neve mozzarellaost
  • salt og peppar
  • Krydder: basilikum eller oregano
søtpotet

Slik gjer du:

  1. Vask søtpoteten godt og del den i tynne skiver (ostehøvel eller mandolin er fint).
  2. Fyll kanten og botnen av paiforma med søtpotetskivene.
  3. Del rødløken i bitar og legg den i paiforma saman med finhakka kvitløk.
  4. Ha i soltørka tomat, ruccola og spekepølse.
  5. Visp saman egga og bland i mjølka. Krydre og hell over i paiforma.
  6. Avslutt med ost på toppen.
  7. Steik midt i omnen på 200 grader i 40 minutt.
  8. La paien kvile litt før du skjær i den, allerbest blir den når du varmar den opp igjen dagen etter:)
Pai med søtpotet

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.