Sjokoladekake utan sukker og gluten

17. mai kake

I går hadde eg bursdag, og då sto denne kaka på bordet. Sjokolade, krem og bær kan vel lett summerast som mine favorittar! Kanskje noko å tenkje på til 17. Mai? Sjokoladekaka er utan gluten og sukker og brukar du eit anna fyll kan du gjere den mjølkefri òg.

Flott kake som vi vaksne likte godt og naut med ekstra godt samvit, men kake utan sukker var nok ikkje kidsa sin favoritt -så er du herved advart mot det!;)

Til sjokoladekaka treng du:

  • 2,5 dl (100 g) kokosmjøl
  • 1 dl (35 g) kakao (eg brukte råkakao)
  • 1 lita ts natron
  • 1 lita ts salt
  • 9 egg
  • 1,5 dl (125 g) extra virgin kokosolje/smelta kokosfeitt
  • 150 g honning
  • 1,5 dl kaffi
  • 2 ts vaniljesukker (sjå tips under)

Sjå tips heilt nede om du vil prøve å handle på iHerb. Viss ikkje finn du produkta på helsekostbutikken.

Sjokoladeganache:

  • 3 dl kremfløyte
  • 150 g mørk sjokolade (gjerne 75% kakao eller meir)

Vaniljekrem:

  • 3 dl kremfløyte
  • Frø frå 1 vaniljestang

Pynt:

  • 300 g jordbær
  • 125 g blåbær
  • 10-12 physalis bær
17 mai kake

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 175 grader.
  2. Ha kaffi, smelta kokosolje og honning i ein bolle.
  3. Sikt inn kokosmjøl og kakao. Bland inn natron, salt og vaniljesukker.
  4. Visp saman egga og vend dei inn i røra.
  5. Smør ei rund form (ca 24 cm) med kokosfeitt og hell røra i.
  6. Steik midt i omnen til kaka er gjennomsteikt etter ca 35-40 min.
  7. Sjekk ved å stikke ei kakenål/strikkepinne/fyrstikk midt i kaka og sjå at den ikkje har røre på seg.
  8. Avkjøl på rist før du losnar forma.
  9. Del kaka i tre lag og ha sjokoladeganache, vaniljekrem og bær mellom kvart lag og på toppen.
  10. Oppbevar i kjøleskap.
sjokoladekake

Sjokoladeganache:

  1. Hakk sjokolade i små bitar og ha den i ein bolle.
  2. Kok opp kremfløyte og hell over sjokoladen.
  3. Rør til all sjokoladen er smelta inn i kremen.
  4. La den avkjøle litt, slik at den ikkje renn for mykje uttover kaka. (Kanskje ein kjapp tur i frysaren medan du held på?)

Vaniljekrem:

  1. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa med baksida på ei teskei.
  2. Bland frøa med kremfløyta og visp til du har ein fyldig krem.
paleo sjokoladekake

Tips til heimelaga vaniljesukker:

  • Bruk vaniljestanga frå vaniljekremen og kjør den i foodprosessor saman med litt palmesukker (også kalla kokossukker/kokosblomstsukker) så får du nydeleg heimelaga vaniljesukker med næringsstoff og mindre påverknad av blodsukkeret enn vanleg sukker.

Oppskrifta er noko moderert, men er opprinneleg henta her i frå

IHERB tips:

  1. Hald deg under 200 kr (ca $32 -for å sleppe toll)
  2. Hald deg under 1814 g (då kan du velje billegaste «shipping» til berre $4)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.