Panna cotta med pasjonsfrukt

 

panna cotta

Her får du ein standard Panna Cotta, men med eksotisk frukt på toppen. Denne varianten stod på to-do lista mi lenge, rett og slett fordi eg ikkje fann pasjonsfrukt i butikkane. Men no ser det ut til at det er lettare å finne for oss i distriktet òg! (Får du samme problem som eg hadde kan du lage denne varianten med bringebærsaus). Nydeleg dessert som imponerar dei fleste!

Til 5-6 personar treng du:

Panna cotta:

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 vaniljestang (eller  2 ts vaniljesukker)
  • 2 plater gelatin
  • safta frå ½ sitron
  • 4 ss sukker.

Pasjonsfrukt

  • 5-6 pasjonsfrukter
  • 3-4 ss sukker
panna cotta pasjonsfrukt

Slik gjer du:

  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.
  2. Splitt opp vaniljestanga og ha den i ei kasserolle saman med 2,5 dl kremfløyte og sukkeret. La det trekke på middels varme nokre minutt, men utan å koke.
  3. Ta kasserolla vekk frå varmen, fjern vaniljestanga og tilsett sitronsaft.
  4. Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør desse inn i den varme fløyta. Hell over i eit litermål eller liknande for å avkjøle.
  5. Pisk 0,5 dl kremfløyte og bland denne kremen inn i det andre før det har stivna.
  6. Fyll opp i serveringsglas og sett i kjøleskap (gjerne over natta).

Pasjonsfruktsaus:

  1. Del pasjonsfrukta i to og skrap ut innhaldet.
  2. Bland med sukkeret. (Kan stå i kjøleskap medan du ventar på at panna cottaen skal stivne).
  3. Fordel over i serveringsglasa.
  4. Servér!
heimelaga kvardagsmat

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.