Kvit tortillapizza

tortillapizza

Har du fleire tortillalefser igjen etter tacokvelden? Lag deg ein tortillapizza eller ”juksepizza”! Tortillalefser du har til overs kan fint frysast, slik at du har pizzabotnar klare til ein dag du er åleine eller vil lage deg noko digg på få minutt. Denne versjonen er det enestående mat som har inspirert meg til, med chorizo og søtpotet! Spanande kombinasjonar, prøv du og:)

Du treng:

  • 1 fullkorn tortillalefse
  • 1ss crème fraiche
  • 1ss chorizopølse i bitar
  • 1ss søtpotet i tynne flak (bruk ostehøvelen!)
  • 2-3 cm vårløk
  • 1-2ss reven mozzarella
  • salt og peppar
tortillapizza

Slik gjer du:

  1. Set steikeomnen på 200 grader.
  2. Stryk utover crème fraiche og ha over chorizo, søtpotet, vårløk og ost. (Har du blåmuggost kan du gjerne smuldre litt over av det, det gir ein salt og god smak.)
  3. Krydre med salt og peppar.
  4. Steik midt i omnen i 8-10 min til osten har smelta.
  5. Nyt:)

Andre pizzaversjonar finn du her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!