Søndags-scones

scones

Manglar du brød? Då er scones redninga for å få til ein god frukost. Kna raskt saman deiga og steik dei med det same. Når du er ferdig på badet eller har dekka på bordet er dei klare:)

Du treng:

  • 2,5dl kveitemjøl
  • 2dl havregryn
  • 1dl 4-kornblanding
  • 3/4ts hornsalt
  • 3ts bakepulver
  • 1/4ts salt
  • 2dl cultura
  • 2ss olivenolje
scones

Slik gjer du:

  • Bland alt og kna saman med henda.
  • Form fire rundstykker og trykk dei flate, ca 1cm høge. Skjær eit kryss i dei.
  • Steik på 225 grader i ca 15 min.

Klar til servering!

Ein litt annleis versjon av scones finn du her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!