Torsk på italiensk vis

torsk
Torsk på italiensk vis har deilig garnityr på toppen av oliven, basilikum, soltørka tomat og kvitløk. Originalt skal den steikast på relativt låg varm, 130 grader, men om du vil at det skal gå nokre minutt raskare kan du skru opp omnen til 160 grader, det funkar fint.

Til 3-4 personar treng du:

  • 300-400 g torskefilet
  • litt salt

Garnityr:

  • 10-12 svarte oliven
  • 1 ss tørka basilikum (eller 2ss frisk basilikum)
  • 2 ss soltørka tomat
  • 2 fedd kvitløk

Pasta:

  • 100-150 g fullkornpasta
  • 2 ss olivenolje
  • 2 fedd kvitløk
  • 100 g babyspinat

Grønsaker:

  • 6-8 bukettar brokkoli
  • ½ rødløk
  • 1 gulrot
  • 1 ss solsikkeolje

torsk

  1. Set omnen på 130 grader. Del torsken i porsjonstykker, legg dei i ei eldfast form og dryss over salt.
  2. Hakk alt til garnityret i små bitar og bland godt. Fordel over fisken og steik fisken i ca 15-20 min, til den flakar seg og er gjennomsteikt.
  3. Kok pasta i rikeleg med vatn, med litt salt i.
  4. Del grønsakene i bitar og wok dei raskt på høg varme i solsikkeoljen. Legg over på ein tallerken. No kan du bruke same steikepanna til spinaten.
  5. Skru ned varmen litt og fres kvitløken let saman med spinaten, til spinaten fell saman. Hell av kokevatnet på pastaen og bland denne inn i spinaten.
  6. Legg opp pasta, torsk og grønsaker på tallerkenen og server torsk på ein ny måte!

Oppskrift inspirert av kokeboka “Sunt og godt” frå Statoil sine kokkar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.