Torsk med chorizo og quinoa

torsk quinoa

Enkel og god torskemiddag som passar like bra på ein kvardag som ein helgedag. Med quinoa i retten får du i deg like mykje protein som om det skulle vore kjøt og ein heil haug med næringsstoff i tillegg. I tillegg er den fin-fin å bruke som restar i ein salat dagen etter eller i eit brød. Prøv då vel!

Du treng:

  • 2 torskefiletar
  • 6 bukettar brokkoli
  • 2ss pinjekjerner

Quinoa:

  • 1dl quinoa
  • 2dl vatn
  • 1 klype salt
  • 1-2ss olivenolje

Chorizosmør:

  • 2ss chorizopølse
  • 1ss soltørka tomat
  • 2ss smør
  1. Skyll quinoaen i rikeleg med kaldt vatn i eit dørslag til alt skummet er vekk. Ha over i ei kasserolle saman med 2dl vatn og salt. La koke under lokk i ca 15 min, til frøa har opna seg. La den dampe utan lokk tilslutt og vend inn olivenoljen.
  2. Rist pinjekjernene nokre minutt på varm tørr steikepanne, til dei akkurat får farge. Legg dei til side.
  3. Steik fisken i 4-5 min på kvar side, til den byrjar å flake seg.
  4. Kok brokkolien lett anten i ei lita gryte eller ved å legge dei i ei skål og helle kokande vatn over dei. La dei trekke i ca 5min, då blir dei akkurat passe kokt utan å vere mjuke og vasstrekte.
  5. Del opp chorizopølsa og tomatane i bitar og fres desse i smøret.
  6. Legg opp torsk og quinoa. Ha over chorizosmøret og strø pinjekjerner over.

Har du ikkje forsøkt quinoa før anbefalar eg den lyse typen som du ser på biletet, sidan den er mildast i smak. Quinoa finnast og i raud og svart type, dei har enda litt meir nøttesmak, og er supre i salat og bakst.

God torskemiddag:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.