Kyllingsalat med quinoa

quinoa

Kyllingsalat med quinoa

Kylling:

  • 2 kyllingfiletar
  • 1ss paprikapulver
  • 1ss solsikkeolje

Quinoa:

  • 1,5 dl quinoa
  • 3 dl vatn
  • ei klype salt
  • 2 ss god olivenolje

Salat:

  • 1 neve ruccola
  • ½ agurk
  • 6-8 cherry tomatar
  • 2 ss marinert fetaost
  • 2 vårløk
  • ½ raud paprika
Kyllingsalat med quinoa

Skjær kyllingen i bitar og ha den i ein pose saman med solsikkeolje og paprikapulver.

Ha quinoaen i ei kasserolle og skyll den godt med rikeleg vatn slik at alt skummet forsvinn. Hell av skyljevatnet og ha i nye 3dl vatn og ei klype salt. Kok under lokk i ca 15 min, til frøa har opna seg.

Medan du ventar deler du grønnsakene i bitar og steiker kyllingbitane.

Ha olivenolja over quinoaen og rør rundt før du blandar alt saman.

Server med godt brød, enten lun eller kald:)

Lurer du på kva quinoa er? Les kva eg har skreve om det i dette innlegget.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.