Müslirundstykker

muslirundstykker

OPPSKRIFT:

  • 50 g kruskakli
  • 100 g havrekli
  • 50 g linfrø
  • 2 ts salt
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 100 g (20 stk) tørka aprikos
  • 75 g rosiner
  • 2 ss rapsolje
  • 500 g fin sammalt kveite
  • 300 g grov sammalt rug
  • 200 g fullkornkveitemjøl
  • 12 dl lunka vatn

Hakk opp aprikosane og bland alt godt. Deiga skal vere klissete.

Bruk to spiseskeier til å ause og skrape deiga ned på brettet. Brukar du  2 ss per rundstykke får du om lag 30 stk.

Dekk med plast og la etterheve i 1 time. Steik på 225 grader i 17-20 min. Avkjøl på rist.

Flyt dei litt utover og blir ganske flate er det perfekt for tining i brødristar. Ta dei rett frå frysaren, tin dei i brødristaren og du har frukosten klar på tre minutt:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.