Eksotisk laks med raud curry og kokosmelk

Eksotisk laks med raud curry og kokosmelk

Eksotisk laks med raud curry og kokosmelk er rask å lage og gir ein deilig asiatisk smak på den norske råvara. Du kan sjølv velje kor spicy du vil ha retten ved å variere mengden currypaste og chili!

Til ca 4 personar treng du:

  • ca 500 g laksefilét
  • 1 sjalottløk
  • 1 raud chili
  • 2 vårløk
  • 2 ts kaffir limeblad
  • 2 ss solsikkeolje
  • 3 ts raud curry paste
  • 4 dl kokosmelk
  • 1,5 ts soyasaus
  • 1 ts oyster saus
  • 2,5 dl vatn + fiskebuljongterning/fiskefond
  • gjerne frisk koriander på toppen

 

Slik gjer du:

  1. Steik laks i terningar i solsikkeolje nokre få minutt, legg dei til side.
  2. Del alle grønsaker i tynne strimlar/skiver og surr dei nokre minutt i panna.
  3. Tilsett curry paste og kokosmelk og resten av væska, kok opp.
  4. Ha i lakseterningane og limeblad-krydderet.
  5. La småkoke i 3 min.
  6. Server med jasminris og gjerne frisk koriander på toppen.

(Oppskrift endra litt, men inspirert frå godfisk.no)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!