FAQ

Ofte stilte spørsmål

hva betyr

  • Kva meiner du med matmølle?

Matmølle er eit fancy nynorsk ord for foodprosessor.

  • Kva betyr kveitemjøl?

Kveitemjøl = hvetemel

  • Kva meiner du med vassbad?

Å smelte eller varme noko over vassbad gir betre kontroll på varmen, og hindrar at det du skal smelte blir for varmt. Skal du smelte sjokolade over vassbad gjer du som følgjer:

  1. Kok opp ei lita kasserolle med vatn. Skru ned varmen eller trekk kasserollen heilt vekk frå plata.
  2. Set ein glas/metallbolle som toler varme over. Pass på at bollen ikkje er i kontakt med vatnet under.
  3. Del sjokoladen i bitar og ha den i bollen (gjerne saman med kokosfeitt). Rør rund avogtil og la stå til all sjokoladen har smelta.
  • Kor stor er langpanna di?

Omlag 30 x 40 cm

  • Kan eg bruke fersk gjær i staden for tørrgjær?

Ja, klart det! Smuldre den ferske gjæren og rør ut i vatnet/mjølka. Følg så oppskrifta som normalt.

  • Kor store brødformer brukar du?

Brødformene mine er omlag 1,5 liter. Når eg steiker grytebrød nyttar eg oftast ei gryte som er 22 cm i diameter.

  • Kva slags kjøkkenmaskin har du?

Eg har ei Kenwood-maskin som står montert på ei plate inne i eit av kjøkkenskapa, slik at eg dreg den fram når den er i bruk. Maskina fungerer veldig bra til mitt bruk, som er baking av brød og søt gjærbakst, visping av krem, røring av karbonadedeig/kjøttdeig, iskrem (ekstrautstyr) og kakebakst.

Eg har ein ekstra bolle til og det er veldig ofte at begge er i bruk. Anten når eg skal vispe krem og eggedosis kvar for seg til ein dessert, eller ved at ei deig (til dømes hamburgerbrød) står til heving og eg brukar den andre til å røre saman karbonadedeig(til hamburger) i den andre.

Eg er usikker på kor stor motor eg har på mi maskin, det ser ut til at det står under maskina (som er skrudd fast), men den heiter Major og er frå 2007.

Då vi flytta til Malaysia i 2014 enda vi opp med ei knallraud og fin Kitchen Aid maskin (minste/standard typen) og eg fekk testa den i eitt år. Den funka finfint til kakebakst, visping av krem og eggedosis, men kom til kort når det gjaldt baking av brød o.l.

Og sidan mykje av det eg brukar kjøkkenmaskina mi til nettopp er brødbaking blei eg aldri heilt overbevist av denne maskina. Eg gledde meg til å kome heim til den gode gamle Kenwooden (som har deisa i golvet og framleis går som ei klokke), og har ikkje sakna Kitchen Aiden eit sekund.

Anna enn som pynt på benken då. Der er Kitchen Aid overlegen;)