Reklame

Gratinert rosettkål med ostesaus

Først ein rask tur inn i omnen for gyllen og god smak, så toppa med ein krema ostesaus og tilslutt dekka med sprø panering. Dette er ein rett i seg sjølv, eller nydeleg tilhøyr til fisk, fugl eller kjøt. Små rosettkål med si fine form gjer dette til ein lekker rett å sjå på også, i tillegg til at det alltid er stas å nytte ei grønsaksnyheit.

rosettkål rosettkål gratinert rosettkål med ostesaus

Denne oppskrifta har eg laga i samarbeid med Gartner, og deira satsing på nyheita rosettkål. Finn du den ikkje i din butikk kan du be butikken om å ta den inn for deg. Denne grønsaken er komen for å bli!

Gratinert rosettkål med ostesaus

rosettkål gratinert

Oppskrift på Gratinert rosettkål med ostesaus

2-4 porsjonar / Tid: 40 min

  • 2 pk (260 g) rosettkål
  • 2 ss olivenolje
  • salt og pepar
  • 1 løk
  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl/glutenfritt mjøl
  • 4 dl mjølk
  • 1/4 sitron
  • 75 g parmesan
  • 2 dl riven mozzarella
  • 1 dl smular/panko
  • 1 bunt persille
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Skyl og tørk rosettkål, og del dei i to. Fordel rosettkål i ei eldfast form saman med løk delt i båtar. Ringle over olivenolje, salt og pepar og steik midt i omnen i ca 10 minutt, til rosettkålen har fått litt farge.

  3. Smelt smør i ei lita kasserolle og rør inn kveitemjølet. Spe med mjølka samstundes som du rører kraftig for å unngå klumpar. La småkoke i 5 minutt. Vend inn parmesan i skiver og halvparten av mozzarellaosten. Bland inn sitronsaft.

  4. Fordel ostesausen over rosettkålen og løken.

  5. Bland saman smular/panko, finhakka persille og resten av mozzarellaosten. Fordel dette over ostesausen og gratiner forma i ca 15 minutt til.

  6. Servér som den er, eller saman med kjøt, kylling eller fisk.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Gartner

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.